webmaster: Andreas Vestvik
last update: 01/02-2012
Sjeldan har eg vore gladare for at 4. søndag i advent er seks dagar før jul. Det er ikkje det at eg ikkje har kontroll på gåver, ulike jule- og adventsarrangement eller preikene mine. Men tida går så innmari fort! Eg seier til meg sjølv kvar advent at eg skal ha eit sterkare fokus på ventetida, men livet er så hektisk at eg berre har hatt lys på stjerna i vinduet et par gonger til no. Ikkje det at det ikkje skjer noko som er koseleg, men plutseleg er jula der igjen, og har ikkje lyst til at den skal komme som julekvelden på kjerringa. For eg ønsker å ha litt tid på meg til å komme i hakk. Sånn at jula ikkje berre handlar om å ha fokus utover (slik det fort blir for ein dobbeltarbeidande prest og pastor), men at eg og kan ha fokus innover. No har eg alt hatt ein forsmak på dette, i stille-veka mi ved inngangen til advent, der eg igjen fekk oppleve at Gud tok meg innover. Ikkje for å bli meir egosentrisk, men for å bli meir meg. Ein av grunnane til at Gud blei menneske, var jo at du skulle bli meir du, og eg skulle bli meir eg. I det vi lar Gud, som ein gong skapte oss og forma oss, ta oss med innover i oss sjølve, slik at vi kan finne den vi er. Ikkje den vi skulle ønske at vi var, eller som vi trur at andre skulle ønske at vi var. Men den vi er. I ein av talane sine om pengar seier Jesus at hjartet er der skatten er. Men skatten er og der hjartet vårt er. For jo meir vi kjem i kontakt med det vesle mennesket Gud forma ein gong i det skjulte, jo meir vil vi erfare fridomen, gleda og frimodet i livet vårt. Jo tettare på dette vi kjem, vil vi erfare at børene våre fell av, angsten vår fordampar og bekymringane våre blir mindre. Difor er det eg gler meg til den siste veka før jul. Ikkje fordi dette ikkje kan skje elles. Men fordi beretninga om at Gud blei menneske og tok bustad mellom oss meir enn noko anna set meg i kontakt med den eg eigentleg er. God adventstid, og god jul! "Og Ordet vart kjøt og slo opp teltet sitt mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning" (Joh 1:14). Helsing Ola
Ved å trykke her kan du lese medlemsbrevet for desember 2011.
Leitar du etter noko som stod her på hovudsida for ei stund sidan? Då er arkivet plassen for deg. Her vil du finne alt av nyhende, medlemsbrev og årsmeldingar som har blitt lagd ut på nettet.
Lørdag 5. november kl. 13.00 (registrering fra kl. 12.30) blir det releasefest med jentegruppa Seven i Klepp idrettshall. Det blir sang, dans, lek og matpause. Samlingen varer til ca kl. 15.30 og koster kr. 50,-...
Lørdag 5. november blir den årlige familiekvelden med basar arrangert i Klepp Idrettshall kl. 17:30. Sevenjentene med barn fra området starter familiekvelden med en releasekonsert...
Etter noen års opphold, ønsker menigheten igjen å arrangere samlivs-kurs. Styrking og beskyttelse av ekteskapet ble på sist menighetsmøte sagt som et hovedsatsingsområde i tida som kommer...
Kjære alle saman, i går kjørte eg ut til Utstein Kloster for å sjå sola gå ned. Det var ein fantastisk solnedgang, og den gjekk ned bak Bokn-sendaren – nesten rett nord! Sola snur no, men det går heldigvis sakte, men sikkert...