SOMMARHELSING 2011

Kjære alle saman,

I går kjørte eg ut til Utstein Kloster for å sjå sola gå ned. Det var ein fantastisk solnedgang, og den gjekk ned bak Bokn-sendaren – nesten rett nord! Sola snur no, men det går heldigvis sakte, men sikkert. To minutt til dagen merkar vi ikkje så mykje til dag for dag, og det blir forhåpentlegvis mange gode dagar i sommar. For oss som er B-menneske er det flott å ha songen "Du skal ikkje sova bort sumarnatta" i bakhånd , for på denne tida er det jo nesten ikkje mørkt. Vi får nyte lyset i fulle drag, for desse dagane er dei lengste vi har.

Dei aller fleste av oss ser no fram mot ferie, og det er ei kjærkommen tid for oss. Etter eit aktivt år er det godt å koble av litt, kanskje sjå noko anna enn det vi ser til vanleg og bruke meir tid enn vi har i kvardagen saman med dei vi er glade i. For min del skal eg til OASE 12.-17. juli og lede lovsong saman med åsa, Liv Heidi, Magnhild Mo og Magnar Helland (husk gjerne på oss i bønn denne veka!), på storfamilieferie til Bulgaria i juli/august og elles ta dagsturar som det høver seg. Men ferie, har eg lært, treng ikkje alltid handle om å reise, men om å gjere noko anna enn vi gjer elles.

Det er viktig å vere tidleg ute, og eg har i dette brevet lyst til å minne dykk på eit par viktige punkt i haustprogrammet. Lørdag 22. august møtest vi som i fjor til undervisning og mat. Søndag 23. august blir det alle-mann-alle-gudsteneste med ein litt ny vri. Ungdommane skal vere med denne dagen, og difor kjører vi frukost kl 11 (eller lunch for dei som er oppe i otta) i plassen for kyrkjekaffi etterpå, og gudsteneste kl 12. På denne gudstenesta lanserer vi tema for hausten. Om kvelden blir det lovsongs- og forbønsmøte som vanleg.

Etter lang pause arrangerer vi samlivskurs igjen, som startar 19. september. "7 kveldar saman om å vere 2" er eit godt utprøvd kurs, som har sitt opphav i ALPHA-menigheten Holy Trinity Brompton i London. For øvrig der eg blei kristen i 1998. Vi har kun plass til 12 par, og fristen er sett til 28. august.

Det tredje vi vil minne dykk på er bøne- og fasteveka som skal vere mellom 23. og 30. oktober. Dette har utvikla seg til ein tradisjon, og vi er spent på kva Gud vil vise oss denne gongen.

Om du treng litt ferielektyre, har eg et par tips. I dei lange timane på flyet til Filippinene blei eg veldig berørt av Dietrich Bonhoeffer, den tyske presten som jobba mot Hitler-regimet under 2. verdskrigen. Hans mest kjende bok, Etterfølgelse, er gitt ut på norsk med oppdatert språk i vår, og det er sterk lesning. Som førebuing til ekteskapskurset kan ein lese Kjærlighet og krig av John og Stasi Eldredge. Her deler dei korleis Gud har leda dei gjennom 25 års ekteskap. Heidi Baker, misjonær blant fattige og heimlause i Mosambik, har skrive boka Drevet av kjærlighet - hvordan forandres verden gjennom enkle kjærlighetshandlinger. Sist, men ikkje minst, er boka Alarm! av Hanne Nabintu Herland - et forrykande epos om vår kultur, som ho meiner er i krise. Denne boka er ein av dei mest selte kristne bøkene den siste tida.

Då gjenstår det å ønske dykk ein god sommar, og velkommen tilbake i august. Første gudsteneste er 7. august.

For eldsterådet, Ola Ohm

Tilbake til arkiv

Klepp Frikyrkje: Frelse - Fornyelse - Felleskap